Avansert søk


Så nær så nær, men

Seriemeisterskapet 2013/2014, 3. og 4. divisjon blei avslutta helga 1. 2. februar. Os sitt lag i 3. divisjon hadde eit vanskeleg utgangspunkt før siste helg, men etter ein god laurdag var det godt håp å behalda plassen i divisjonen. Men to tap søndagen blei for mykje, og det enda med nedrykk, omtrentet eit VP for lite til å behalda plassen (måtte hatt tre lag bak på lista for å behalda plassen). På laget spelte Bjørn Hauge, Thea Hauge, Kåre Kristiansen og Leif Juvik. Vi går for opprykk igjen neste sesong!

 

Resultat 3. divisjon avdeling G her

Thea på jentelandslaget!

Norsk Bridgeforbund har tatt ut landslagstroppane for 2014, og Thea Hauge er med på jenter U25-laget. Vi gratulerer med uttaket! (Biletet er frå Nyttårsturneringa i Eldresenteret 29. desember)

Alle landslagstroppane her

Galleri

 

Vinnerne, Ronny, Martin, Ole og Kurt